TREFFPUNKT

ERFA-prosjektet skal ein gong i året invitere lokalt næringsliv til Treffpunkt. Dette skal være ein felles møteplass med fokus på inspirasjon og kreativitet, motivasjon og samarbeid.

Alle eksisterande erfaringsgrupper skal samlast denne dagen. Vidare ønskjer vi at alle dei som framleis ikkje deltek i nokon erfaringsgruppe kan delta og høyre kva erfaringar andre har gjort seg. Gjennom møteplassen håpar vi at nye forslag til erfaringsgrupper aktualiserar seg!

Treffpunkt 2007 vert arrangert onsdag 27. juni med Knut Frostad ved roret! Gjennom samarbeid med Flo Aktiv vil delar av arrangementet vere ope for alle interesserte.


Påmelding til TREFFPUNKT 2007


Program for dagen

12.00 ERFA Personal – møte for erfaringsgruppa

14.30 ERFA TREFFPUNKT– samling for lokalt næringsliv
Møteplass for alle tilsette i lokalt og regionalt næringsliv. Her vert det informasjon frå tiltaksapparatet, presentasjon av erfaringsgrupper, open diskusjon og initiativ til nye erfaringsgrupper.

16.00 Kaffepause

16.30 ”I same båt” – Knut Frostad
Felles arena for næringsliv, utflytta nordfjordingar, studentar og andre interesserte. Knut Frostad er profesjonell seilar, føredragsholdar og coach i næringslivet. Har deltatt i OL i 88 og 92. Deltatt tre gangar i Whitbread/Volvo Ocean Race.

18.30 Grillparty i hagen til hotell Alexandra